Tre, kol, pust, liv.
Randi Nygård

På Dalsåsen ved tettstaden Dale i Sunnfjord, ligg Nordisk Kunstnarsenter Dale. Bak senteret går der fleire stiar og vegar innover i skogen. Det er dyretråkk, turvegar, veg til kraftlinjer og til hogstfelt. Kanskje har nokre av vegane vore der i mange generasjonar og blitt brukt til å få husdyr på beite og til skogbruk og matauk. I dag treng vi ikkje skaffa oss varme og mat frå nærmiljøet lenger. At vi er heilt avhengige av naturen er dermed ikkje så tydeleg for oss.
Filosofen Solveig Bøe skriv i boka Dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet, at det å vera vilt dyr det er å kunna røra seg fritt. Då utset ein seg for verda, for fare og for det å leva. Tanken om urørt natur som ideal skjuler det ville, for naturen er full av spor etter liv, den er merka av linjer som blir trakka opp og av stoppestadar undervegs. Slik sett er vi òg ville, vi rører oss fritt, set spor og lagar vegar.

Sveinung Rudjord Unneland og Andreas Vermehren Holm var gjestekunstnarar i Dale i september og oktober 2017. I lag med åtte studentar frå Kunsthøgskulen i Bergen, bygde dei ei kolmile i enden av ein av vegane i skogen. Dei bar opp store trestokkar, sand, leire og greiner. I løpet av ein dag reiste ein stor haug seg i lysninga i enden av vegen. Innerst låg trestokkane dekka av granbar, leire og sand.
I kolmiler kontrollerer ein korleis treverk brenn ved å gjera milene nesten heilt tette når brannen er i gong. Treet brenn dermed sakte og konsentrert og blir til trekol som kan brenna på høgare temperaturar enn vanleg ved. Trekol er meir konsentrert karbon. Kor kjem denne komprimerte potensielle krafta i karbonet frå? Karbon har lett for å reagera med og binda seg til andre stoff og inngår i dei fleste organiske bindingar. Når karbon brenn reagerer det med oksygen ved å danna karbondioksid (CO2) og å frigjera energi. Det er dette ein kallar forbrenning.

Tre og planter veks ved hjelp av fotosyntesen. Fotosyntese betyr å bygga ved hjelp av lys. Sollys gjer planter i stand til å laga og lagra energi. Dei tek karbondioksid frå lufta og dannar organiske karbonbindingar i form av ulike typar sukker. Fotosyntesen er utgangspunkt for så og seia alle næringskjedene i naturen og for alt liv på jorda. Sukkeret blir etterkvart til karbonbindingane karbohydrat, protein og fett. Dei fleste levande organismar skaffar seg næring ved å forbrenna dette karbonet ved hjelp av pust. Pusten held livsprosessane i dyreorganismar i gong ved å stadig ta opp oksygen og skilja ut karbondioksid. Slik fører pusten det karbonet som plantene har trekt ut av lufta tilbake til atmosfæren.

Kor kjem karbonet i pusten, plantene og næringa frå? Karbon er stjernestøv som blei til ved fusjon av lettare grunnstoff. Det har så sirkulert ut og inn av stjerner og kjemiske bindingar før det tok plass i dei fyrste bakteriane, plantene og dyra. Karbon dannar grunnlag for liv på jorda, det er hovudingrediensen i biologisk materiale, i fossilt brennstoff og i moderne byggmaterial som mellom anna plast. Karbon flyttar seg mellom luft, hav, berggrunn og levande organismar. Karbonet i dyr og planter, som for mangfaldige år sidan blei lagra under stein og jord, er i dag olje, kol og gass. Tidlegare tider sin solenergi er vårt samfunn sitt drivstoff. Vår industrielle og teknologiske utvikling har vore heilt avhengig av karbon. Bruken av fossile brennstoff har ikkje berre auka den materiell velstanden, gitt oss meir fritid, delvis frigjort oss frå tradisjonar og gjort oss mindre bunden til stadar og til naturen, men òg ført til uoppretteleg skade på miljøet vårt. Ved å brenna for mykje av desse stoffa har vi no forskyvd balansen mellom forbrenning og bygging av karbon. Store mengder karbon er teke ut av sine naturlege krinsløp og ført opp i atmosfæren der det fører til at verda blir varmare.

Tidlegare blei kolet frå kolmiler brukt til å laga jern frå malm. Ein trong svært høge temperaturar for å smelta malm om til jern. Viss ein blandar karbon i jern får ein stål. Då stålindustrien skaut fart på 1800-talet, blei det første moderne skyskraparane bygde. Med eit sterkt og lett skjelett av stål kom ein seg nesten heilt til himmels. Framleis er det å bygga stort og prangande eit av dei fremste symbola på vår vestlege sivilisasjon og kultur. I lag med det å kunna reisa med bil, båt og fly, er dette teikn på vår fridom og materielle velstand. Men om ein tenkjer på forureininga av luft og vatn, at store mengder dyr og insekt no døyr ut og at havet og temperaturane stig, framstår ikkje livsførselen vår som særleg sterk og heroisk.
Og no vil den økologiske krisa sannsynlegvis tvinga oss til å endra samfunnet vårt. Korleis kan vi slutta å skada miljøet? Vi treng andre energikjelder, men også andre levesett, nye symbol og andre ideal. Vi må endra kulturen vår og bruka fritida vår annleis. Kanskje må vi stilla oss nokre grunnleggjande spørsmål. Kva samanhengar inngår vi i? Kva er livet? Kva syn har vi eigentleg på naturen og miljøet rundt oss?

Er mila i Dale eit monument over noko? Over det energiforbruket som har skada planeten vår? Kan den samtidig også vera eit slags bilete på ein livskraftig, men mørk pust? Er den ein prosess der ein gjenskapar og prøver å forstå og fordøya vår skitne framferd? Viser den verdien i eit felles arbeidslag? I det å bygga og skapa i lag, arbeida hardt fysisk, og vera i kontakt med materiala, gå opp ein veg, bera tungt, bygga kraftig.
Saman handterte Sveinung, Andreas og studentane ein prosess med store mengder energi. Mila måtte vera tett nok, utan å vera så tett at det ikkje brann. Den måtte ikkje eksplodera, men brenna kontrollert for å laga kol. Kolet skal ikkje brennast igjen, det skal brukast til å uttrykka noko, til å teikna med. Men mila kan også sjåast som eit uttrykk i seg sjølv. Kva uttrykker materialet, sjølve kolet? Det som har så mykje energi lagra i seg at det kan oppnå ekstremt høge temperaturar? Kolet har med seg krafta til gamalt sollys, den krafta som gjer liv til alt. Kanskje er det den grunnleggande livskrafta som er der i det svarte materialet.
Nokre av dei eldste menneskeskapte bileta finst i holemaleri i Frankrike og i Indonesia. Dei blei laga av kol, sannsynlegvis frå restar av bål. I uminnelege tider har menneska samla seg rundt bål og varma seg, ete og sosialisert. Og dei har hatt trong for å uttrykka seg, laga bilete. Fortsatt brenn vi bål på tur i skog og mark. Prosessen som gjev oss varme og energi når ved, kol, gass eller olje brenn, er i prinsippet den same som det som gjer oss energi og liv inne i kroppane våre når vi pustar og forbrenn næring. Karbon reagerer med oksygen.

Pust er forbrenning. Å pusta er å anda. Ei ånd er liv og sjel eller det vi oppfattar som den indre delen av ein person. Pusten viser at ein lever. Alle levande celler pustar. Forbrenning blir og kalla celleanding og går føre seg i celler i alle levande organismar. I språket vårt er liv knytta til pust, til sjel eller til eit indre. Kva vil det eigentleg seia at noko pustar og er levande? Ei celle, ei plante eller eit dyr? Korleis opplever vi liv? Kva er livskraft? Har vi i dag førestellingar og bilete av naturen som noko levande? Har den ei åndeleg side? Eller ser vi den som ein død masse som vi kan bruka? Eller som ein urørt idyll der spor helst ikkje skal finnast?

Vitskapen kan delvis forklara korleis livet har utvikla seg, men vi veit ikkje kor kreftene og evnene til liv kom frå, eller kva dei er. På same måte som vi heller ikkje veit korleis evna til å tenka oppstod, kva den er, eller kva som er forholdet mellom material og tanke, kropp og sinn.
Freya Mathews trur at dersom kulturen vår hadde vore meir oppteken av contaus, viljen til liv eller livskrafta i naturen, så hadde vi kanskje ikkje kome til å skada miljøet slik vi no gjer. Ho trur at alle berekraftige kulturar har førestillingar om naturen som noko levande som menneska er ein integrert del av. Ein av desse førestillingane er pansykisme, der ein oppfattar det mentale som ein uskiljeleg del av det materielle. Alle ting har ein eller anna form for indre medvit. Mennesket er dermed ikkje unikt på grunn av sjela eller tankekrafta vår.
Kanskje er alle ting både indre og ytre uttrykk i seg sjølv, sjølv om vi ikkje alltid kan forstå det. Og det kan godt henda at alt levande er oppmerksamt på miljøet rundt seg.
I fjor haust, då eg intervjua filosofen Arne Johan Vetlesen, sat vi og såg på eit tre som rørde seg i vinden. Vetlesen påpeikte at det framleis er svært vanleg å tenka mekanisk på det, ei kraft påverkar noko anna. Så vi ser at vinden rører på treet, men treet har jo og evne til å røra seg, så vinden kan jo ikkje vera den einaste krafta i situasjonen.

I det moderne, vestlege verdssynet har mennesket følelsar, språk og kultur, i motsetning til dyr og særleg planter. Dei har ikkje kultur og tek heller ikkje del i det meiningsarbeidet som språk kan vera. Det er absurd å spørja om noko gjev meining for ei plante, for i dette synet handlar livet for dyr og planter berre om å overleva, om å formeira seg og om at ting skal gå vidare. Men kanskje er kultur slett ikkje skild frå natur på denne måten. Ting gjev også meining for dyr og planter på ulikt vis, og dei har òg følelsar. Det å føra livet vidare er noko av det største menneske kan oppleva, utan at vi berre er natur av den grunn. Dersom alt liv kan vera uttrykk for noko, finst der mange typar språk, og det er kanskje ikkje berre vi som tenker, snakkar og skriv. «Alt rundt oss skriver,» påpeikar Marguerite Duras i boka Å skrive, «det er den innsikten en må komme fram til at alt skriver, fluen også».

I Dale blei sonen min Rikoll på eit år veldig oppteken av edderkoppar. Vi følgde med på netta deira og fangsten deira. Vi såg korleis dei spann og kor dei gøymde seg og venta på at noko skulle skje. Spindelvevet er fantastisk, det er sterkare, lettare og meir fleksibelt enn det sterkaste karbonbaserte material menneske har skapt, kevlar. I tillegg er det heilt biologisk nedbrytbart.
Om morgonen var netta nokre gonger dekka av dogg. Kan det henda at edderkoppen også likar å sjå på fargespelet når sollyset treff dei ørsmå dråpane? Eller drikk den berre dogget? Vetlesen seier at sjølv om mennesket kan formulera ein setning om at det treng vatn, er ikkje vår tørst meir verkeleg eller meir verd enn hjå ei plante eller eit dyr.

Den vakre, ville og valdsame røyken steig opp frå kolmila i ni dagar før treverket var ferdig forkola. Svart er skiten sin farge og skrifta sin farge. Røyken er ein slags mørk og kraftig pust som inneheld karbondioksid og damp. CO2 er forureinande i store mengder, men òg grunnlaget for alt organisk liv på jorda.
For å danna skyer på himmelen treng damp såkalla kondensasjonskjernar å festa seg på. Ofte er dette små partiklar som inneheld karbon. Slik reiser karbon lett over himmelen. Vi kjem til å setta spor etter oss i framtida òg, ville og levande som vi er. Forhåpentlegvis meir i takt med stjernestøvet, pusten og skrifta sine naturlege syklusar.

Marguerite Duras avsluttar avsnittet om at alt skriv med følgjande: «Og et uleselig, grenseløst dikt vil bre seg ut på himmelen.»

Litteraturliste:

Bøe, Solveig. (2017) Viltlevende Liv. I: Nygård, Randi og Tampere, Karolin. red. Dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet, Oslo, s. 77.

Duras, Marguerite. (2014) Å skrive. TransFe:r Forlag: Oslo.

Hessen, Dag O. (2015) Karbon - en uautorisert biografi. Oslo: Cappelen Damm.

Mathews, Freya. (1993) The Ecological Self. London: Routledge.

Mathews, Freya. (2003) For Love of Matter: A Contemporary Panpsychism, Alabny: SUNY Press.

Nygård, Randi. (2017) Naturforhold – rovdrift, erfaring og pansykisme. Intervju med Arne Johan Vetlesen. I: Nygård, Randi og Tampere, Karolin. red. Dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet, Oslo, s. 303 - 317.

Store norske leksikon, www.snl.no, om kolmiler, forbrenning, fotosyntese, respirasjon og celleånding. Lest desember 2017.

Vetlesen, Arne Johan. (2015) The Denial of Nature. Environmental philosophy in the era of global capitalism. London: Routledge.