Natursyn-kikkert

RANDI NYGÅRD 2022, Interaktivt objekt, trestokk, speil, mini-høgtaler, lyd 12:20 min

Natursyn-kikkert tek utgongspunkt i ein liten hul trestokk og er inspirert av fuglekikking. Publikum kunne låna med seg objektet ut for å undersøka naturen ved Østensjøvannet, gjennom å venda på og sjå gjennom trestokken og gjennom speilene, mens dei høyrer meg snakka om natursyn, om at lukta av furutre kan laga skyer, korleis fuglar tenker, sansar og er i verda og at tre har puls og kan røra seg i vinden. Delar av treverket og auga ditt blandar seg med omverda gjennom skraveringane som lagar hol i speglane. Kva kan denne trestokken kan seia oss? Er den eit meiningsfylt uttrykk i seg sjølv? Kva skjer om vi ser gjennom trestokken og ut på det som rører seg i våtmarksområdet? Korleis ser fuglane oss? Reagerer trea på at vi er der?

Produsert som del av Paviljong Våtmark 2022, initiert av Signe Lidén. Dokumentasjon av Frank Holtschlag

Foto: Renate Hvidevold Moe