Verdensbilder frå Ytterøy

Serie collagar til Ytterøy skole og samfunnshus, Levanger kommune. 2021-23.

I spranget mellom individ og art, augeblikk og æva, person og samfunn, plante og kretsløp, menneske og verdsrom, pust og fotosyntesen, har eg laga collagar der eg freistar å gjera store tankar og modellar lokale og gjenkjennbare for øyfolket. Eg har kopla usynlege forhold og modellar til konkrete bilder frå Ytterøy, ikkje for å illustrera noko, men for å laga kunst til den nye skulen og samfunnshuset på øya. 

Collagane er baserte på foto som kun er tekne på øya, dei fleste av den lokale fotografen Fritz Nordberg. Dei er poetiske framstillingar av myter og eventyr, strukturar i språk og naturlege kretsløp, som karbonkretsløpet og fotosyntesen. Verdensbilda frå Ytterøy er ikkje modellar der ting står tydeleg kvar for seg, men framstillingar av at elementa veks i kvarandre, opnar seg og rører seg i lag. I min prosess vaks kunstverka ut av ting og forhold på øya saman med abstrakt kunnskap eller verdensbilder. Collagane viser ikkje kva dei tek utgangspunkt i på ein logisk måte, men på ein poetisk måte.

Hanen og katten og reven (eventyr)

Randi Nygård 2022, collage, 69,4*78,4 cm

Hanen og katten og reven (eventyr)

Randi Nygård 2022, collage, 69,4*78,4 cm

Landskap i dyr og barn (fotosyntesen)

Randi Nygård 2022, collage, 35,3*48,5 cm

Landskap i dyr og barn (fotosyntesen)

Randi Nygård 2022, collage, 35,3*48,5 cm

Føtter og røtter (rim)

Randi Nygård 2021, collage, 60,8*74,5cm

Føtter og røtter (rim)

Randi Nygård 2021, collage, 60,8*74,5cm

Livets tre

Randi Nygård 2022, collage, 111,7*140,7 cm

Livets tre

Randi Nygård 2022, collage, 111,7*140,7 cm

Tre kan laga skyer (nedbryting og oppbygging)

Randi Nygård 2021, collage, 71,3*51 cm

Tre kan laga skyer (nedbryting og oppbygging)

Randi Nygård 2021, collage, 71,3*51 cm

Liv og død (karbonkretsløpet)

Randi Nygård 2021, collage, 46,8*90,8 cm

Liv og død (karbonkretsløpet)

Randi Nygård 2021, collage, 46,8*90,8 cm

Bølge gjennom veg, sjøstjerne, tre, brygge, strømkabel

Randi Nygård 2021, collage, 32,6*28 cm

Bølge gjennom veg, sjøstjerne, tre, brygge, strømkabel

Randi Nygård 2021, collage, 32,6*28 cm

Jakt (Rådyr flyr og syr i myr)